Næringsalliansen
Formål og strategi
Næringsalliansen Vestland har sidan 2008 representert meir enn 3000 bedrifter og 150.000 arbeidsplassar. Samarbeidsavtalen for alliansen slår fast at den skal vere grunnlaget for eit forsterka og inkluderande samarbeid mellom dei private næringsforeiningane i regionen. Avtalen peikar særleg på fire hovudmål:
- Meir kraft i påverknads- og lobbyarbeidet, særleg regionalt og nasjonalt.
- Fellesorganisert talerøyr ovanfor Vestland fylkeskommune.
- Framstå samla i utvalde saker, også som høyringsinstans regionalt og sentralt.
- Utveksling av kunnskap og erfaringar, nettverksdeling.
Viktige saker
Utveksling av erfaringar, arbeidsmetodar og deling av utfordringar er eit svært viktig utkome av fellesskapet i Næringsalliansen Vestland. Dei einskilde næringsråda og -foreiningane har svært ulike ressursgrunnlag, det vekslar frå reint dugnadsarbeid til 18 tilsette. Økonomi og kapasitet varierer tilsvarande, og det er difor avgjerande at partnarskapen deler gode og målretta løysningar og arbeidsformer med kvarandre.
2023 vart eit nytt krevjande år for medlemsverksemdene. Ved inngangen til året var auka straumutgifter, prisar og avgifter ei svært stor utfordring for mange. Gjennom året vart etter kvart dei mange renteaukane eit endå større problem. Bygge- og anleggsbransjen, transportnæringa og varehandel er mellom dei som vart råka hardast. Olje- og gassverksemdene og den tilhøyrande leverandørindustrien opplevde derimot svært gode tider.
Medan fleire næringar varsla permitteringar, hadde andre store vanskar med å få tak i nok folk med rett kompetanse. Næringsalliansen ser det framleis som særs viktig å arbeide for at medlemsverksemdene skal ha tilgang på god kompetanse. Fagopplæring, eit omfattande lærlingordning og eit desentralisert skuletilbod er avgjerande for mange.
Behovet for auka nettkapasitet og meir fornybar kraft til Vestlandet er framleis ei høgt prioritert oppgåve. Det vert arbeidd målretta med dette i ulike partnarskap og kanalar.
Gjennom 2023 var Næringsalliansen Vestland også engasjert i desse sakene:
- I januar vart det skrive ei støtteerklæring til Den norske filmkommisjonen og arbeidet for å styrke filminsentivordninga. Denne vart marginalt betra i statsbudsjettet for 2024, men det gjenstår mykje arbeid med denne saka.
- I februar vart det send ein høyringsfråsegn om framlegget til Regional plan for fornybar energi.
- I mars vart det send eit fråsegn om Temaplan for breidband og digitalisering i Vestland fylke.
- I april skreiv Næringsalliansen Vestland eit ope brev til stortingsrepresentantane frå alle vestlandsfylka. Temaet var framlegg til endringar i opplæringslova. Endringane ville særleg gå utover opplæringskontora, som har viktige oppgåver knytt til lærlingordningar og rekruttering av arbeidskraft. Eit fleirtal på Stortinget såg til at endringane ikkje vart gjennomført.
- I september vart det send ut ei pressemelding om innhaldet i den politiske plattforma til fleirtalspartia i Vestland fylke. Det vart her særleg uttrykt kritikk mot manglande satsing på samferdsle og vedlikehald av fylkesvegnettet.
- Det er oppretta god kontakt med Aksjon for norsk eigarskap, som vart stifta i Ålesund i mars. Formuesskatten opptek svært mange av medlemsverksemdene, og aksjonen gjer eit godt arbeid for å få fram konsekvensane av denne. Næringsalliansen planlegg fleire møter i samarbeid med Aksjon for norsk eigarskap i 2024.
- I oktober gav Næringsalliansen Vestland full støtte til planane for «Offshore Wind 2040» - eit forskingsprosjekt i regi av Universitetet i Bergen m.fl.
Aktiviteten i Næringsalliansen
Næringsalliansen Vestland er aktiv og involvert i ei rekke samanhengar.
«Grøn Region Vestland» er ein brei partnarskap, der Næringsalliansen og NHO Vestlandet er viktige representantar for næringslivet. Vi har óg ein plass i Næringsforum Vestland, der Vestland fylkeskommune samlar leiarar frå næringslivsorganisasjonar, akademia og arbeidsliv.
Næringsalliansen Vestland er ein av mange partnarar i One Ocean Havbyen Bergen. Målet er å fremje samarbeid og styrke posisjonen til heile regionen, nasjonalt og internasjonalt. Ein ny strategi vart vedteken mot slutten av året, og ein samla partnarskap står samla bak denne. Ei viktig oppgåve for alliansen i denne samanhengen er å forankre prosjektet i regionen som Bergen er ein del av.
Invest in Bergen er eit program for å få fleire nasjonale og internasjonale investeringar og etableringar i bergensregionen. Styringsgruppa er samansett av politiske leiarar i fylket og utvalde kommunar. Næringsalliansen Vestland får no éin av to nyoppretta plassar for næringslivet.
Gjennom året er det gjennomført fleire medlemsundersøkingar. Det er svært viktig at desse er representative for verksemder i heile fylket, og det har óg gitt gjennomslag i pressa.
Bergen Næringsråd fungerer som administrativ ressurs for Næringsalliansen Vestland. Verksemda er i hovudsak finansiert gjennom medlemskontingent. I 2023 har Næringsalliansen óg fått økonomisk stønad frå Sparebanken Vest.