- Vår viktigaste jobb akkurat no er å hjelpe djerve politikarar som vågar å stå opp for ein ny kraftpolitikk. Dei næraste månadane vert enormt viktige.
Bjørn Lødemel var i si tid på Stortinget svært engasjert i kraftpolitikken. I dag er han dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd og medlem i Næringsalliansen, som samlar 16 råd og organisasjonar frå heile fylket.
Politikarar som vågar
-Premissane for norsk kraftpolitikk og vestlandsk energiforsyning blir lagt no, og dei vil gjelde i mange år framover. Det må heilt nye grep til, og vi må aktivt hjelpe politikarar som vågar å stå opp for naudsynte endringar, seier Bjørn Lødemel.
Næringsalliansen var nyleg samla i Odda, der kraftpolitikk og energiforsyning sjølvsagt vart diskutert.
-Vi representerer svært mange verksemder i heile Vestland fylke. Omstillinga til ei grøn og berekraftig framtid er i gong, men det krevst lagarbeid av beste merke. Vi må spele våre politikarar på Stortinget og i regjeringa gode. Dette er ei tid for tverrpolitisk semje om store utfordringar, seier Anne-Grete Sandtorv, dagleg leiar i Stord Næringsråd.
Mangelen på elektrisk kraft er peika ut som ein av dei aller største barrierane på vegen mot ei uutsleppsfri framtid. I prosjektet «Grøn Region Vestland» har EY, på vegne av Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge, peika på ei lang rekkje tiltak som kan gje berekraftig verdiskaping og vekst i Vestland. Felles for mange av desse er at det trengs kraft. Mykje kraft.
Konkrete kraftframlegg
Bjørn Lødemel står saman med Ingvald Torblå og Baste Tveito ved utspringet til Opo, ved Sandvinvatnet eit lite stykke over Odda. Flaumen i elva etter ekstremveret i 2014 førte til store øydeleggingar. Ei flaumsikring av elva vil gjere Odda, heimstaden til Torblå, tryggare, men det vil óg føre til høgare kraftproduksjon.
Alle tre er med i Næringsalliansen og deler forventningane til Energikommisjonen, som skal forklare korleis vi sikrar nok straum i framtida.
-Denne vinteren, når alle får kjenne kva det vil seie å ha for dyr og for lite kraft, vert behovet for meir energi diskutert på ein annan måte enn før, seier Tveito, som representerer Nordhordland Næringslag. Han er óg Næringsalliansens mann i referanseutvalet til Nakstad-utvalet, som skal vurdere straumnettet og ei vidare utbygging av dette.
Tveito trur det vert brei semje om raskare sakshandsaming, styrking av nettet og eit farvel til «førstemann til mølla»-prinsippet.
Næringsalliansen meiner at NVE må få stramme tidsfristar og pålegg om å utarbeide verdistraumanalysar. Alliansen meiner óg at belastninga på straumnettet kan aukast, men framleis vere innanfor kontrollerte rammer.
-Eit slikt forslag ventar vi meir diskusjon omkring. Men det vil langt på veg sikre nok straum til Vestlandet fram mot 2030, trur Lødemel, Tveito og Torblå.
Omstillinga er i gong
«Grøn Region Vestland» trur at samarbeid på tvers av bransjar i tett samlokalisering er vegen å gå. Prosjektet peikar ut 16 grøne hub-ar, der Mongstad og Kollsnes er mellom dei mest kjende i bergensregionen. Odda og Tyssedal utgjer Hardanger Hub, der planane er i full gang for produksjon og lagring av grøn hydrogen. Ei omfattande oppgradering av smelteverket til Tizir vil mellom anna føre til ein stor reduksjon i CO2-utslepp. Kapasitetsutvidinga i sinkverket til Boliden er óg svært godt nytt.
-Det er svært nyttig for oss å sjå dette på nært hald. Den grøne omstillinga er ikkje berre ein teori, her i Odda ventar dei inntrykk av tusen anleggsarbeidarar. Vi må fortelje om desse suksesshistoriene, slik at fleire kan bli inspirerte til å sjå fordelane ved å vere tidleg ute. Omstilling vert det uansett, seier Espen Børhaug i Bergen Næringsråd.
Med på samlinga i Odda var også Innovasjon Norge, Vestland fylkeskommune, EY og industrinettverket Atheno.