Når Hordaland og Sogn og Fjordane finn kvarandre i eitt fylke, må næringslivet gjere det samme. Verksemder og organisasjonar i Vestland fylke har svært mykje til felles, viste ei samling i Førde denne veka.
Næringsalliansen i Hordaland og Sogn og Fjordane Næringsråd inviterte til seminaret i Sunnfjord, som samla meir enn 50 personar frå næringsliv, politikk, organisasjonar og fylkesadministrasjon. Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland innleia med å fortelje om ambisjonane for nye, norsk regionar og innhaldet i distriktsmeldinga, som vart lansert for få veker sidan. Det går svært godt i norsk næringsliv, både i byar og distrikt. På lengre sikt har mindre kommunar og lokalsamfunn ei stor utfordring i folketalsutviklinga.
- Det er ikkje eit problem at vi får fleire eldre. Det er eit problem at vi ikkje har fleire yngre», sa statsråden, og understreka at næringslivet vil få svært mykje å seie for levande og bærekraftige lokalsamfunn.
Etter seminaret i Førde, er det grunn til å tru at næringslivet i Vestland fylke er klar for ei slik utfordring. Like ivrige er verksemder og organisasjonar etter å medverke til ein offensiv og næringsvenleg politikk i det nye fylket. Bård Sandal, direktør for innovasjon og næringsutvikling i Vestland, inviterte næringsorganisasjonane inn i denne prosessen.
Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis snakka med like stor entusiasme om Vestland som politisk banebrytar. Elektrifiseringa av ferje- og hurtigbåtflåten set regionen i førarsetet i utforminga av praktisk politikk som fører oss mot det svært ambisiøse målet: Null utslepp i 2030.
Responsen frå næringslivet er like entusiastisk. - Vi vil ta del av det grøne skiftet, sa Anne-Grete Sandtorv, dagleg leiar i Stord Næringsråd.
Bergen Næringsråd var tydeleg til stades på samlinga som gjekk over to dagar. Elisabeth Skage inviterte vestlandsbedriftene inn i Plastsmart, eit prosjekt som tilbyr heilt konkrete metodar og reiskapar for å fjerne plast på avvegar. Iver Neptali Belle-Ramos presenterte Trainee Vest, som eit godt høve til å sikre kompetansen byar og distrikt er så avhengig av for å lukkast.
Espen Børhaug frå Bergen Næringsråd oppsummerer på denne måten:
- Vi trur dette var starten på noko viktig. Eit samarbeid mellom våre bedrifter og organisasjonar vil gje Vestland eit konkurransefortrinn. Dette er like viktig for Bergen som for resten av fylket.
- Vi har knytt nye og gode kontaktar desse dagane. Eg trur ikkje det blir lenge til vi samlast igjen, seier Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd.
Dette er organisasjonane som deltok på næringsseminaret:
Næringsalliansen i Hordaland, Sogn og Fjordane Næringsråd, Vestland fylke, Innovasjon Norge, Bergen Næringsråd, Fikse Næringsforening Etne og Vindafjord, Forskningsrådet, Gloppen Næringsorganisasjon, Hardanger Industri, Høgskulen på Vestlandet, Lærdal Næringsutvikling, Måløy Vekst, NHO Vestlandet, Nordhordland Næringslag, Osterøy Industrilag, Osterøy Utvikling, Sogn Næring, Sogn og Fjordane Bondelag, Stord Næringsråd, Sunnfjord Utvikling, Vaksdal Næringsselskap, Vest Næringsråd.
Her kan du laste ned foredragene fra samlingen