- Nordmenn har akkurat no meir pengar ståande på kontoen sin enn normalt. Det gjev håp om at varehandelen vil klara seg gjennom hausten, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen i SpareBank 1 SR-Bank.
Den årlege varehandelsrapporten blei presentert på eit webinar hos Bergen Næringsråd i dag. Saman med regiondirektør Erik M. Throndsen i SpareBank 1 SR-Bank presenterte dei to både nasjonale og lokale tal.
Unormale tider
Varehandelen har vore gjennom nokre dramatiske måneder det siste halvåret, og dette prega årets rapport.
- Då landet stengde ned i mars, blei det voldsomme utslag for handel- og servicenæringa. Omsetninga innan overnatting, servering og turisme gjekk ned med 75-80 prosent, og kledebutikkar mista 75 prosent av salet i starten, seier Knudsen. Etter at samfunnet blei opna igjen, var det delar av varehandelen som tok igjen det tapte. Interiør, bygg og hage auka til dømes omsetnaden med 50-75 prosent.
Ned i Bergen sentrum
Ser ein på tala for Bergensregionen i «normalåret» 2019, brukte innbyggjarane 33 milliardar kroner på å handla varer. Dette er litt meir enn året før.
- Auken er største innan mat og drikke og hus og heim, medan klede, sko og sport går markant ned, seier Throndsen. Av kjøpesentra har dei i Fana/Rådal auka mest, medan Kleppestø gjekk ned med over 6 prosent. Når det gjeld Bergen sentrum, viser tala ein nedgong på 2,6 prosent i 2019. Her er det klede, sko og spesialbutikkar som går mest ned.
Spår god auke i 2020
Både sjeføkonomen og regiondirektøren i SpareBank 1 SR-Bank trur varehandelen samla sett kjem til å klara seg bra utover hausten. Dei spår ein auke for handelen på 14 prosent for heile året.
- Den viktigaste grunnen til det, er at nordmenn har mellom 100 og 150 milliardar meir «i lommeboka» no. Dette skuldast i hovudsak mindre reising og forbruk utanlands. Låg rente er også viktig med tanke på kjøpekrafta, avsluttar Kyrre Knudsen.