Vestlandsbia er ei verksemd som driftar ulike biegardar i Bergen, på Sotra og i Øygarden. Bjarte Tennfjord har drive bierøkt i 12 år, og var først ute med bybier i Bergen.
Honninga kjem frå rik og variert flora i byen; parktre, stauder, markblomster og byhagar. Til overmål hentar biene nektar frå røsslyng på Fløyfjellet!
I Bergen sentrum har Vestlandsbia fleire biegardar; på takene på Grand Hotel Terminus, KLP Eiendom, Vestland Fylkeskommune, forutan Fana Sparebank på Nesttun og på Langhaugen vgs.
De Bergenske sel honninga i resepsjonane til Terminus og Børs Hotel. KLP og Vestland Fylkeskommune nyttar den som gåveartikkel.
Sjå Vestlandsbias side på facebook for produkter og priser