Næringsalliansen Vestland var nyleg samla på Voss, og det var ikkje tilfeldig. Den nyaste alliansepartnaren er nemleg nyskipinga Voss Næringsråd. No representerer Næringsalliansen Vestland meir enn 3000 verksemder og over 150.000 arbeidsplassar i heile Vestland fylke.
Sjølv om næringsstrukturane kan vere ulike mellom regionane, viser samlinga at ein har svært mange utfordringar til felles. Mange bedrifter har store vanskar som følgje av forverra rammevilkår, auka arbeidsgjevaravgift, høge energiprisar og aukande renter. Offshoreverksemdene og leverandørindustrien går svært godt for tida, medan bygge- og anleggsbransjen står midt i ei krise. Nokon har store problem med å få tak i nok folk med rett kompetanse, andre vurderer permitteringar og oppseiingar.
- Næringsalliansen Vestland er samansett av næringsråd og -organisasjonar som representerer bedrifter i alle bransjar. Vi må ivareta interessene til alle desse, og då er det viktig å møtast for å dele erfaringar, seier Espen Børhaug, koordinator for Næringsalliansen og kommunikasjonsleiar i Bergen Næringsråd.
På vossasamlinga vart det tid til eit skattefagleg djupdykk, då Jarle Møen, professor ved NHH, fortale om det norske skattesystemet, med særleg vekt på formuesskatten som har ført til mykje debatt siste året. Det var óg nyttig og kjekt å høyre på Kaia Finne, næringssjef i Voss herad, og Arve Tokvam, leiar for strategi og kommunikasjon i reiselivsverksemda Norway’s Best.
- Nokre av dei viktigaste næringsorganisasjonane i fylket har funne ei svært nyttig samarbeidsform i Næringsalliansen Vestland. Det var ei god samling, oppsummerer Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd.