Næringslivet bidrog med viktig smittvernsutstyr

Næringslivet på Vestlandet bidrog i stort monn då behovet for smittevernutstyr gjekk i været i mars. Den enorme givargleda hjelpte Helse Vest gjennom den første bølgja av pandemien.
  • Publisert mandag 21. desember 2020

Næringslivet på Vestlandet bidrog i stort monn då behovet for smittevernutstyr gjekk i været i mars. Den enorme givargleda hjelpte Helse Vest gjennom den første bølgja av pandemien.

Då koronapandemien råka Noreg i starten av mars var det lite smittevernutstyr på lager, og det var kritisk viktig å raskt skaffe meir utstyr. Dei vanlege forsyningslinjene stoppa opp, og det blei arbeida dag og natt for å få tak i munnbind, frakkar, hanskar og anna smittevernutstyr til helsepersonell.

Overveldande respons

Helse Vest gjekk ut med ei oppmoding til næringslivet på Vestlandet om å bidra med utstyr. Responsen var over all forventing. Alt frå byggefirma, fiskeindustri, laboratorium og oljeselskap trødde til.
– Ei stor takk til alle som mobiliserte, både med små og store donasjonar. De skal vite at det blir sett pris på. Summen av alt utstyret som kom inn, gjorde at vi klarte å halde hovudet over vatnet i ein ekstremt pressa situasjon, seier spesialrådgjevar Pål Røynesdal. Han deltek i Helse Bergen sin beredskapsleiing og har ansvar for forsyningane inn til føretaket. Han skildrar situasjonen i mars som svært uoversiktleg og krevjande, men kor alle dei som hadde smittevernutstyr tilgjengeleg forstod at dei kunne bidra med utstyr til helsetenestene. 
– Dugnadsånda og viljen til å bidra var imponerande. Meldingar frå selskap som ville donere utstyr for fleire hundretusen kroner var til å få frysningar av, seier han. Også verneutstyrsbedrifter selde alt dei hadde liggjande på lager.

Kvart andedrettsvern talde

Det kom leveransar på alt frå ni andedrettsvern til lastebillass med verdifullt utstyr. Alt som kom inn blei vurdert og sortert etter kor det kunne brukast.
– Kvart einaste andedrettsvern blei sett pris på. Det som kom inn bidrog også til at vi klarte å skjerme den mest verdifulle behaldninga til intensiv-avdelinga, seier Røynesdal. Equinor, Universitetet i Bergen, Havforskingsinstituttet, FRAMO AS, Aibel og KCA Deutag Drilling Norge er blant dei mange som donerte utstyr.
– Lista er ikkje uttømmande. Det er ei lang rekkje store og små verksemder som stilte opp med det dei hadde liggande av smittevernutstyr. I tillegg ga mange privatpersonar utstyr, det varma også mykje. Summen av alt, saman med eigne kjøp og tiltak, gjorde at vi klarte oss fram til den nasjonale forsyninga kom på plass, seier han. Røynesdal rettar  også ei  stor takk til alle de små og store ordinære leverandørar av verneutstyr som tok kontakt. Fleire av desse var ukjende på førehand, men vart utruleg viktige i denne fasen sidan disse hadde kvalitets- og spesialutstyr umiddelbart tilgjengelig for levering.
– Fleire leverandører mobiliserte i eit samfunn som var stengd ned og kjørde i gang logistikken berre for oss.

Tid for å takke
Utover våren og sommaren kom både nasjonalt og regionalt lager på plass.
– I dag er situasjonen ein heilt annan enn i mars, og vi har no det utstyret vi treng i det volum som vi er pålagde av myndigheitene å ha, seier Røynesdal.
På tampen av eit annleis år kan han konstatere at donasajonane frå næringslivet betydde heile forskjellen i vår.
– No er ei fin tid å seie tusen takk til alle som stilte opp og bidrog med smittevernutstyr. Det har vore flott å oppleve korleis næringslivet har vore med å gjere ein skilnad, seier han.


Våre hovedsamarbeidspartnere