Det er ikkje slik at ein type batteri kan brukast til alt. For at andre bruksområde enn bilar skal kunne elektrifiserast raskt nok til at vi snur klimaendringane, må det utviklast nye teknologiar. TioTech er ei lita teknologibedrift med store planar. Dei har utvikla eitt heilt nytt material som gjer batteri raskare å lade, sikrare og toler låge/høge temperaturar betre enn dagens løysingar.
Materialet til TioTech, eitt kvitt pulver som heiter TitanBTM, er vi dei einaste i verda som kan lage – og det er dei gode på. Eitt TitanBTM batteri er spesielt godt eigna for ferjer, tog, bussar og industrielle bruksområde som ikkje har tid til å vente ein halvtime på å lade eitt batteri, men heller vil få det gjort på under 10 minutt.
TitanBTM skal leverast til battericelleprodusentar i Europa og Asia, og markedet er i sterk vekst. Dei skalerer difor opp produksjonen så raskt dei kan og siktar mot storskala industriell produksjon i Noreg innan tre år.
Bedrifta held til på Midtun, kor dei har bygd opp eitt utviklings- og piloteringssenter for batterimaterial. Dei teller totalt 12 flotte tilsette som arbeidar for å setje fart på ladinga, elektrifiseringa og det grøne skiftet. Selskapet er privateigd.
Ta gjerne kontakt med TioTech om du vil høyre meir om korleis deira teknologi skal setje fart på det grøne skiftet.