Første dagen i oppstartsveka for traineeane vart halde på VilVite Bergen, der traineane deltok i workshoper, samtalar og kurs

Bedrifter investerer i unge talent gjennom Trainee Vest

24 nyutdanna unge er klare til å starta sitt traineeår, ein viktig første etappe i karrieren.
  • Publisert tirsdag 27. august 2024

Blant våre medlemsbedrifter er tilgang på kompetanse ei av dei største utfordringane. I år har vi fått inn over 1000 søknader til 27 traineestillinger, og talenta som ikkje får plass kan ende opp med å forlate regionen, fortel administrerande direktør i Bergen Næringsråd Monica Mæland. 

— I år har 12 partnarbedrifter delteke, men det er plass til mange fleire, legg ho til. 

Traineeprogrammet er eit ferdig program som utviklar og held på talent her i Bergenregionen. 8 av 10 traineear blir verande i byen, og dei nyutdanna får nettverk, verdifulle kurs, og gode råd for å lykkast i den nye jobben.

Valde å auka talet på traineear  

GC Rieber Eiendom er ei av traineebedriftene i år, og valde å auka talet på traineear etter intervjuprosessen  

— Planen vår var å tilsetja 2 traineear, men vi bestemde oss for å auka til tre når vi gjennom intervjua vart kjende med dei. Trainee Vest er ei fantastisk kjelde for oss til å tilsetja unge talent, fortel Tor Instanes, administrerande direktør GC Rieber Eiendom.  

Han understrekar verdien av å rekruttera unge talent gjennom Trainee Vest og ser på det som ei investering i både bedrifta og framtida til traineeane.  

— Vi veit at dei som søkjar og dei som kjem gjennom nålauget er motiverte og dyktige. I tillegg gir traineeprogrammet dei eit verdifullt nettverk og kompetansepåfyll som gir verdi til dei og oss.  

Ein god start på karrieren  

Tina Ekelund Nesbø har ein MBA frå Heriot-Watt University i Edinburgh og er tilsett som prosjektcontroller i GC Rieber. 

— Eit stort pluss at det er eit program som legg til rette for oss som skal byrja rett frå studiet, og at ein er fleire saman  og får eit godt opplegg for ein skikkeleg god start inn i bedriften, seier Tina Ekelund Nesbø  

Saman med Thea Hesthamar Raunsgard og Charlotte Schreiber Hjortland er dei GC Rieber sine nye Traineear.

Dei tre nye traineeane i GC Rieber Eiendom f.v. Thea Hesthamar Raunsgard, Charlotte Schreiber Hjortland og Tina Ekelund Nesbø

Blir viktigare med nettverk i arbeidslivet  

Alle tre er samde om at dei vil utnytta moglegheitene dei har som trainee til å utvikla seg. Charlotte seier at det er veldig positivt at trainee programmet gir medlemskap i Bergen Næringsråd og ho vil bruka det til å få fagleg påfyll og utvida nettverket sitt, og gler seg til å få utvikla seg i jobb og gjennom trainee programmet det kommande året.  

 — Det er eit stort pluss å starta på denne måten der du får snakka med andre frå andre bedrifter i same posisjon.

Gler seg til å sjå utviklinga i gruppa  

Sebastian Smeby, med master i frå NHH, har fått traineeplass i BKK si avdeling for Digital utvikling. Han  er spent på korleis året blir, og spesielt korleis gruppa utviklar seg over tid.   

Han fortel at han opplever traineegjengen som ivrige og fagleg dyktige, som utgjorde ei flott sosial gruppe.  

— Eg gler meg veldig til å sjå utviklinga i gruppa dette året, men også sjå korleis folk utviklar seg dei neste åra.  

Dag to var dedikert til ytringsklima og psykologisk tryggleik, leia av Øyvind Kvalnes saman med Kulturkompaniet og involverte både traineane og leiarane deira.

Mange spennande kandidatar   

Ansvarleg for rekrutteringsprosessen hjå Jefferson Wells, Anette Hansen, meiner at Trainee Vest kan spela ei sentral rolle i å kople bedrifter med talent som elles er vanskeleg å henta, spesielt innan IT, berekraft og finans.   

— Gjennom å tilby eit traineeprogram, får ein tilgang på kompetanse ein elles ikkje ville fått tak i – nettopp fordi det er så attraktivt for søkjarane.  

Ho opplever kandidatane som svært motiverte for å bidra i det lokale næringslivet, og at dei har solid teoretisk bakgrunn. Samtidig er det nyutdanna studentar, som betyr at bedriftene må investera i potensial og vera med å utvikla kompetansen vidare.  

Bli traineebedrift!   

Traineeordninga gir positive ringverknadar for involverte verksemder. Å vera traineebedrift gir din verksemda di ein heilt unik synlegheit gjennom marknadsføringa som skjer ut mot studiestader i heile Noreg.   

Traineeprogram er attraktive å søkja på, og ein er sikra å kunna velja blant mange kvalifiserte kandidatar.   

Vi tilrår fleire bedrifter å rekruttera gjennom Trainee Vest og dermed gi fleire unge moglegheit til ein spennande karrierestart i Bergen, Tor Instanes, administrerande direktør GC Rieber Eiendom.  

Rekrutteringsprosessen blir handtert av ein profesjonell samarbeidspartnar. Bedrifta intervjuar berre det talet som dei sjølv ønskjer, som oftast mellom tre til fem kandidatar.   

Dette er eit fiks ferdig traineeprogram, utan at bedriften treng å laga noko eige skreddarsydd program for kandidaten utanom stillinga! 

Bli traineebedrift her

Våre hovedsamarbeidspartnere