Næringsalliansen Vestland var sjølvsagt til stades på stiftingsmøtet i Trondheim. Frå v. Espen Børhaug (Næringsalliansen Vestland), Torbjørn Brosvik (Stord Næringsråd), Kari-Anne Landro (Vest Næringsråd), Monica Mæland (Bergen Næringsråd), Hans Jørgen Andersen (Kvam Næringsråd), Hege Lauvik (Austevoll Næringsråd).

30.000 bedrifter samlar seg

171 næringsråd og -foreiningar samlar seg no under éin paraply. Saman representerer dei 30.000 bedrifter og rundt 750.000 tilsette. – Det gir oss ei tyngde og ei gjennomslagskraft som vil vere svært viktig, seier Monica Mæland, administrerande direktør i Bergen Næringsråd.
  • Publisert onsdag 24. april 2024

Mandag 22. april og tirsdag 23. april vart den første samlinga for alle næringsråd og næringsforeiningar gjennomført. Under konferansen i Trondheim vart det vedteke å etablere ei nasjonal overbygging som får navnet Næringsforeningene i Norge.

- Det er svært viktig at næringsforeiningane i heile Norge vert samla. Vi er tettare på bedriftene enn nokon andre. Saman kan vi formidle utfordringar og behov i næringslivet på ein langt tydelegare måte, og det trur vi dei mange medlemsbedriftene landet rundt vil setje pris på, seier Monica Mæland.

- For oss som er eit relativt lite næringsråd er det gull verdt med samlingar for å knyte kontaktar og lære av kvarandre. Her er vi i ein større samanheng der næringslivet er i fokus. Samstundes har vi mykje å bidra med utfrå det næringslivet vi kjenner best frå våre medlemmar, seier Torbjørn Brosvik, dagleg leiar i Stord Næringsråd.

Næringsforeningene i Norge er partipolitisk uavhengig. Det er danna eit interimsstyre, samansett av Bergen Næringsråd og næringsforeiningane i Trondheim, Stavanger og Kristiansand.

I første omgang vil Næringsforeningene i Norge arbeide med saker innan desse områda:

  • Samferdsle og NTP, nivå på totalramme og hovudformål.
  • Rammevilkår for norsk eigarskap
  • Straumprisar, krafttilgang, effekttilgang og transmisjonsnett
  • Skattar og avgifter
  • Innleige av arbeidskraft
  • Eksportpolitikk
  • Kompetanse
  • Aktuelle høyringar og NOU-ar
  • Offentleg-privat samarbeid
Dannar ny landsdekkande næringsorganisasjon: Interimstyret for Næringsforeningene i Norge er samansett av f.v. Trond M. Backer (Kristiansandsregionen), Monica Mæland (Bergen), Berit Rian (Trondheimsregionen) og Harald Minge (Stavangerregionen). Foto: Kenneth Stoltz / NiT

Våre hovedsamarbeidspartnere